Kampen om vindmøllene

ARENDAL: Vindkraft er ei av de openberre løysingane for framtidas karbonfrie energisystem. Vindmøller er grøne! Kvifor er då vindkrafta upopulær blant ein fjerdedel av oss? Og kvifor i all verda skal Noreg ha vindkraft i sitt kraftsystem – som allereie er 99 prosent fornybart?

Publiseringsdato
22.8.2018
Skrevet av

Bjermeland Monica

For den amerikanske naturalisten Henry David Thoreau var spørsmålet om vind enkelt:

First, there is the power of the Wind, constantly exerted over the globe…. Here is an almost incalculable power at our disposal, yet how trifling the use we make of it! It only serves to turn a few mills, blow a few vessels across the ocean, and a few trivial ends besides. What a poor compliment do we pay to our indefatigable and energetic servant!

HENRY DAVID THOREAU, FRÅ PARADISE, PARADISE (TO BE) REGAINED, 1843

Men då vi blåste liv i saka saman med eit svært kompetent nolevande panel under Arendalsveka 2018, fant vi ut at spørsmålet ikkje er så enkelt likevel.  

Ta Birkenes kommune like ved Arendal, til dømes. Der har saka om vindmøller gått føre seg i mange år. Det var først då eit spesielt omstridt område blei tatt ut av den opphavlege planen frå 2014 og eit nytt prosjekt lansert i 2016 – Storhei, Oddeheia og Bjelkeberget vindkraftanlegg – at saka tok fart. Våren 2017 gav politikarane i Birkenes eit endeleg ja til bygging av vindmøller med 11 mot 10 stemmer.

– Det har vore ein veldig krevjande prosess, der kommunen måtte slanke det opphavlege prosjektet for å få det gjennom, men eg var for både det større prosjektet og det som vart akseptert, sa ordførar Anders Christiansen (Ap) i Birkenes kommune under CICEROs møte «Vindkraft i Norge: Vind eller forsvinn» i Arendal 14. august. 

Desember 2017 gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) konsesjon til utbygging, men Birkenes-saka blei klaga inn til Olje- og energidepartementet der ho no ligg til endeleg godkjenning. Etter planen skal det tyskeigde E.ON Wind Norway byrje utbygginga av Storheianlegget i 2020 og ferdigstille det i 2021 – året då det grøne sertifikatsystemet vert avvikla i Noreg.

I tillegg til 290 nye gigawattimar straum, vil anlegget tilføre kommunen fem millionar i eigedomsskatt i året, skriv NRK.no

– Kvifor er ulempene med vind til å leve med? spurte Kristin Halvorsen ordføraren under samtalen.

– Vi tek omsyn til dei reglane NVE har satt for vindkraft. Direktoratet er ganske restriktiv både til støy, skugge og is, så vi meiner at når vi held oss innanfor desse grensene, så er prosjektet bra. I tillegg har vi fått tre og ein halv millionar kroner ekstra for å bruke til avbøtande tiltak direkte til dei berørte i områda, og det er ikkje så vanleg. Saman skal vi bli einige om kva vi skal bruke desse midla til, sa Anders Christiansen.

Fordelen for kommunen med å ha vindkraft er eit auka og betre næringsliv. Vi tek omsyn til reglane NVE har satt.

ANDERS CHRISTIANSEN

– Fordelen for kommunen med å ha vindkraft er eit auka og betre næringsliv, og det er riktig at næringslivet har vore ein konstruktiv partner for kommunen i denne prosessen, fortalde Christiansen.

Og så har det jo alltid vore slik, både i Noreg og andre land, at energiproduksjon har kravd naturøydeleggingar – vasskraftutbyggingane på 50-, 60- og 70-talet var også kontroversielle. Olja og gassen like så. Vi brukar straum, vi har tenkt å fortsette å bruke straum og dermed må vi produsere straum. Dette vil bety inngrep i naturen.

Så kva naturinngrep kan vi akseptere i klimakampen (eller fattigdomskampen) sitt namn?

– Når det gjeld Noreg, synest eg vi skal sjå meir seriøst på om ikkje ei oppgradering av vasskraftverka er meir effektivt enn å øydelegge nye område for vindkraft. Der har jo øydeleggingane allereie har skjedd, sa Anne Gerd Sunne Væting i Motvind.

Ho fekk støtte av Vidar Lindefjeld, politisk rådgjevar i La Naturen Leve, som også var med i samtalen under Arendalsveka.

– Eg ser også mange gode argument for vindkraft, men ikkje i Noreg. For at vindkrafta skal ha ein klimaeffekt, må ho erstatte fossil energi, og her erstattar ho ikkje ein gram fossil energi. Vi har så godt som hundre prosent fornybar kraftforsyning her til lands, sa Lindefjeld.

Dette poenget er også CICERO-forskar Glen Peters oppteken av, også når det gjeld elbilar:

Vi vil ikkje at dei vakre naturområda kring heimane våre skal gjerast om til industrianlegg.

ANNE GERD SUNNE VÆTING

Motvind, folkerørsla mot vindkraft i Birkenes, med 454 medlemmar, let seg ikkje imponere verken av auka skatt eller straum. Dei har heile tida vore svært aktive for å hindre utbygging av det dei kallar øydeleggjande vindmøller.

– Vi vil ikkje at dei vakre naturområda kring heimane våre skal gjerast om til industrianlegg. Medlemmane i Motvind er interesserte i naturen og i friluftsliv og ønskjer å ta vare på den urørte naturen, som er kommunens største fortrinn slik vi ser det, sa Anne Gerd Sunne Væting til ordstyrar Kristin Halvorsen, under samtalen i Arendal.

Sunne Væting er først og fremst frustrert over natur og dyreliv som vert øydelagt for all framtid i ei slik utbygging, men også stresset møllene tilfører bebuarane, som skuggekast, iskast og lydforureining. Etter diskusjonen fortalde ho også om det sosial stresset saka har medført og hevda at saka verkar polariserande og har fått naboar til å drive sjølvsensur for å unngå konflikt.

– Bygder vert splitta og naboar og familie vert uvenner på grunn av delte syn i vindkraftsaka. Det er heilt uakseptabelt. Og dette berre fordi ni grunneigarar får pengar i lomma og veger i skogen, sa ho.

Forholdet mellom lokalpolitikarar og vindindustrien meiner ho er definert og manipulert av profesjonell lobbyisme frå E.On si side medan Motvind ikkje vart tatt med på råd i det heile.

– Kvifor er ulempene med vind til å leve med? spurte Kristin Halvorsen ordføraren under samtalen.

– Vi tek omsyn til dei reglane NVE har satt for vindkraft. Direktoratet er ganske restriktiv både til støy, skugge og is, så vi meiner at når vi held oss innanfor desse grensene, så er prosjektet bra. I tillegg har vi fått tre og ein halv millionar kroner ekstra for å bruke til avbøtande tiltak direkte til dei berørte i områda, og det er ikkje så vanleg. Saman skal vi bli einige om kva vi skal bruke desse midla til, sa Anders Christiansen.

Fordelen for kommunen med å ha vindkraft er eit auka og betre næringsliv. Vi tek omsyn til reglane NVE har satt.

ANDERS CHRISTIANSEN

– Fordelen for kommunen med å ha vindkraft er eit auka og betre næringsliv, og det er riktig at næringslivet har vore ein konstruktiv partner for kommunen i denne prosessen, fortalde Christiansen.

Og så har det jo alltid vore slik, både i Noreg og andre land, at energiproduksjon har kravd naturøydeleggingar – vasskraftutbyggingane på 50-, 60- og 70-talet var også kontroversielle. Olja og gassen like så. Vi brukar straum, vi har tenkt å fortsette å bruke straum og dermed må vi produsere straum. Dette vil bety inngrep i naturen.

Så kva naturinngrep kan vi akseptere i klimakampen (eller fattigdomskampen) sitt namn?

– Når det gjeld Noreg, synest eg vi skal sjå meir seriøst på om ikkje ei oppgradering av vasskraftverka er meir effektivt enn å øydelegge nye område for vindkraft. Der har jo øydeleggingane allereie har skjedd, sa Anne Gerd Sunne Væting i Motvind.

Ho fekk støtte av Vidar Lindefjeld, politisk rådgjevar i La Naturen Leve, som også var med i samtalen under Arendalsveka.

– Eg ser også mange gode argument for vindkraft, men ikkje i Noreg. For at vindkrafta skal ha ein klimaeffekt, må ho erstatte fossil energi, og her erstattar ho ikkje ein gram fossil energi. Vi har så godt som hundre prosent fornybar kraftforsyning her til lands, sa Lindefjeld.

Dette poenget er også CICERO-forskar Glen Peters oppteken av, også når det gjeld elbilar:

Are Electric Vehicles (EVs) reducing Norwegian emissions?The distance travelled (km) with diesel vehicles remains strong, petrol vehicles down a bit, but EVs / hybrid are mainly adding to the volume & not displacing.Emissions unlikely changed much...

https://t.co/Wp1IxBzqxj https://t.co/yMCzBQmTGd

Glen Peters (@Peters_Glen) August 18, 2018

– Veit de eigentleg kor store øydeleggingar det er snakk om dersom nasjonal ramme for vindkraft vert ein realitet? Vi snakkar om mellom tre og fire tusen naturøydeleggande vindturbinar landet over. Dei vert 250 meter høge og kanskje høgare. Vil vi det? spurte Lindefjeld Arendals-publikummet.

Ja, fleire store miljøorganisasjonar vil det. Jamvel Naturvernforbundet er prinsipielt for fornybar energi, for å fase ut fossil energi, sjølv om dei ofte er imot konkrete vindkraftprosjekt.

– Vi var for parken i Vikna, til dømes. Problemet er at vi har sett for mange døme på dårlege prosjekt, prosjekt som ikkje tek omsyn til naturmangfald eller landskap eller kan hende er dårlege for tradisjonelt næringsliv som reindrift. Desse prosjekta er vi sterkt imot, sa Silje Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Bellona er på si side ofte for vindkraftprosjekt.

– Dessverre fekk landet vårt ein dårleg start på vindkrafthistoria si. Mange anlegg som var for dårlege og aldri skulle blitt bygd, blei bygd likevel, og dette skapte unødvendig motstand mot vind og frustrasjon i lokalmiljøa. Heldigvis har dette endra seg, sa fagsjef Runa Haug Khoury i Bellona.

Ho var mest opptatt av å snakke om det ho kalla det store biletet ikkje er like villig til å sjå motsetnaden mellom klima og miljø som Lundberg:

– Skal ikkje vi i Noreg kapitalisere på dei enorme fornybare energiressursane vi har, slik vi har gjort det med olje og gass? spurte Haug Khoury.

ZERO går heller ikkje inn i enkeltprosjekt, men er som Bellona opptatt av det store bildet. For dei er konsekvensane av framleis bruk av fossil energi mykje meir alvorlege, både for biologisk mangfald og framleis reindrift, enn konsekvensane av fornybar energi.

– Avveginga for oss handlar ikkje om vi skal ta vare på naturen eller ikkje. Spørsmålet er snarare korleis vi klarar å beskytte naturen mot klimaendringar og om effekten av vindmøller er til å leve med for unngå farlege klimaendringar, sa ZERO-leiar Marius Holm.

– Vi må ikkje gløyme at Noreg har enorme vindressursar og snart det største vindkraftanlegget i Europa, Fosen. Vind er også viktig i energimiksen som skal hjelpe oss å stabilisere klima, sa han.

For at vindkrafta skal ha ein klimaeffekt, må ho erstatte fossil energi. Her i Noreg erstattar ho ikkje ein gram fossil energi.

VIDAR LINDEFJELD

Representanten for bransjen, Øyvind Isachsen i NORWEA, den norske vindkraftforeininga, var hjarteleg einig.

– Vi skal vidare! Vi treng meir straum. Europa treng meir straum. Industrien treng meir straum. Vi skal jo ikkje fortsette å gå på karbon, sa han.

– Hadde eg stått her og diskutert med dykk for berre fem år sidan, så hadde vi snakka om subsidiar. No har vindturbinane blitt så effektive at også naturinngrepa i nye anlegg vil bli mykje mindre, sa Isachsen.

Etter all hyllesten til vindkrafta, tok Silje Lundberg mikrofonen att og minte om at vi må klare å ha to tankar i hovudet samstundes:

– Vi må hugse at vi skal løyse to store utfordringar. Det eine er klimaproblemet og det andre er tapet av biologisk mangfald. I dag er det arealinngrep som er den største trusselen mot biologisk mangfald. På sikt vil det vere klima som er den største trusselen. Desse to utfordringane er uløyseleg knytt saman, så vi må gjere begge deler, sa ho og spurte:

– Kvifor kan vi ikkje i større grad bygge vind på stader som allereie har industri, særleg no som turbinane har blitt så mykje meir effektive?

Vi må hugse at vi skal løyse to store utfordringar. Det eine er klimaproblemet og det andre er tapet av biologisk mangfald.

SILJE LUNDBERG

Norske vindkraftprosjekt i dag hamner ofte i urørt, verdifull natur, blant anna i urfolk sin natur. Kor skadelege er dei stilleståande vindmøllene for den norske reindrifta?

– Vindkraftutbygging kan ha enorme konsekvensar for reindrifta. Ei massiv utbygging av vindkraft er ein av dei største truslane til reindrifta i Noreg i dag – og til grunnlaget for samisk kultur, sa Inge Even Danielsen, nestleiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund.

– Eg synest debatten om kunnskapsgrunnlaget har mangla i samtalar om norsk vindkraft. Mange av konsekvensutreiingane er direkte veike. For reindrifta sin del, har dette betra seg mykje, men mykje står att. Mitt råd til politikarar er difor: Sørg for betre konsekvensutreiingar, sa Danielsen.

Lundberg vil også ha ein pris på naturen like leis som pris på næringsinntekter:

– Vi skal ta vare på klima, og vi må ta vare på naturen langsmed. Vi må tørre å vekte og verdisetje naturen. Han har ein eigenverdi og skal ha det i konsesjonshandsaming om vindkraft også, sa Lundberg.