2 flamingoer som parrer seg

KORLEIS FORSTERKAR VI NÆRLEIKEN OG KJÆRLEIKEN VÅR TIL NATUREN? FOTO: GEORGI PESHEV @FLICKR

Parring for og med naturen

Er du økoseksuell, økofeminist eller kan hende begge deler? Og kva har det med verning av planeten å gjere?

Publiseringsdato
18.5.2017
Skrevet av

Monica Bjermeland

Økofeminismen, ei politisk rørsle som vil kople økologisme (klimakamp) og feminisme (kvinnekamp), har fått ny aktualitet i det siste. 

Finn Ø-punktet ditt

Denne veka kunne vi til dømes lese at økoseksualitetsrørsla har fått ein kraftig oppsving etter regjeringsskiftet i Det kvite hus. Pioneren til rørsla er Annie Sprinkle, ein amerikansk pornofilmskodespelar og tidlegare prostituert som blei økoaktivist då ho i 2009 inngikk ekteskap med jorda.

Ironien for ein økofeminist er slåande: Dei midla Sprinkle brukar for å oppnå målet om ein frisk og robust klode er dei same midla klimafeministane jobbar for å utrydde: tingleggjering av kvinnekroppen.

Undertrykking av kvinner og utbytting av naturen heng nemleg svært tett saman.

 

Til sist får alt ein pris og ingenting verdi.

 

«Naturen er elskaren din og ikkje mora di», seier dei økoseksuelle. Dei oppmodar oss til å snakke om Ø-punktet vårt heller enn den siste boka av Naomi Klein.

Håpet er å gjere klimasaka meir snerten og sexy for folk flest.

«Sjå på dei blomstrande trea no om våren», seier dei økoseksuelle, «knoppane er kjønnsorgan!» Og litt meir subtilt: «Kjenn den sensuelle lukta av desse blomane, og bli inspirert til å ta vare på alt levande.»

Omfamnar du ei slik haldning, om du frigjer deg sjølv økoseksuelt, vil du behandle kloden godt og inspirere andre til å gjere det same, er logikken deira.

Men er det ikkje slik at dei verste overgrepa skjer nettopp i nære og gjerne seksuelle relasjonar?

Naturen er utvilsamt transseksuell og det kan nok vere lurt å omskape omgrepet Moder Jord til eitt som omfattar den mangslungne identiteten naturen faktisk er. Men når vi skal snakke politisk handling, trur eg (øko)feminismen er eit sikrare kort.

Dobbel gevinst, minst

Ei anna kontroversiell kvinne, fysikaren og filosofen Vandana Shiva, har i årevis og gjentekne gonger, understreka at kvinnevaldtekt ikkje kan koplast frå klimavaldtekt. Dei to formane for overgrep heng saman, meiner Shiva og andre økofeministar – metaforisk ved å forme verdsbiletet vårt, materielt ved å forme kvinners kvardagsliv.

Shiva er ein kjend motstandar mot genteknologi i matproduksjon og har større tru på det primitive, ofte kvinnestyrte jordbruket enn det storslagne moderne. Kvinners aukande økonomiske sårbarheit gjer dei også meir sårbare for seksuell undertrykking og anna fysisk vald, påpeiker ho.

Her er eit døme frå CICEROs eiga forsking: I prosjektet Hicap ser vi blant anna på konsekvensar av klimaendringar og vêrrelaterte naturkatastrofar kopla til kjønn. Vi har til dømes funne at når naturkatastrofar rammar – vêrrelaterte eller andre, slik som jordskjelv – så aukar problema med trafficking av kvinner og jenter (og av og til gutar). Dei vert seld som slavar for arbeid, eller som sex-slavar.

Sosiale og økonomiske reformer skjer altså ikkje separat, som Vandana Shiva skriv i boka Ecofeminism frå 2014; klimasaka treng økonomiske reformer basert på sosiale reformer som jobbar for å endre ulike typar diskrimering og vald, samstundes. Det som driv utbyttinga av både kvinner og natur, er kapitalismen og den kapitalistiske vekstlogikken, meiner Shiva.

Ein tingleggjerande økonomi skaper ein kultur som straumlinjeformar vidare tingleggjering. Til sist har alt ein pris medan ingenting har verdi. Kvifor kan vi ikkje snakke om ernæringsøkonomien heller enn vekstøkonomien? spør ho.

Destruktiv eller kreativ?

Økofeminismen er holistisk, heilskapleg. Dette politiske rammeverket ser samanhengen mellom nyliberalisme, militarisme, sexisme, korporativ vitskapsproduksjon, vald i nære relasjonar, artstap, islamofobi, klimaendringar, genteknologi og myten om evig framsteg – for å nemne noko.

Den antropocene tidsalderen som vi er inne i, altså den såkalla geologiske tidsalderen som hovudsakleg er definert av menneskeleg aktivitet, har gitt oss to val: anten kan vi vere destruktive på vegne av planeten, eller kreative. Økofeminismen viser oss korleis vi kan vere kreative.

Konkret har Vandana Shiva medverka til å synleggjere problema med den grøne revolusjonen i heimlandet sitt, India.

Genteknologi, som ho skriv, var meint å auke den indiske matproduksjonen, men avlingane vart ikkje betre. Han skulle redusere bruken av kjemikaliar, men auka i staden bruken av plantevern- og ugrasmiddel. Den nye teknologien skulle kontrollere omfanget av ugras og skadedyr, men har i staden skapt superugras og superskadedyr.

Geoengineering (klimafiksing), genteknologi og syntetisk biologi er potensielt farlege teknologiske løysingar på klimakrisa, matkrisa og energikrisa, åtvarar Shiva.

Eit stille skifte

Bohemane frå økoseksualitetsrørsla har difor kanskje eit poeng når dei ivrar for å synleggjere kryssinga mellom sex og økologi, i alle fall dersom vi tenkjer på sex som omsorg, som nærleik.

Nøkkelen er å sjå på oss sjølve som ein del av naturen, trur Shiva, å akseptere at vi er i slekt med jorda og alt som lever her, inkludert medmenneska våre, uansett rase, kjønn, etnisitet og seksualitet. Stadig fleire innser at menneskesentreringa er feilslått, skriv ho, at vi menneske må samarbeide heller enn å konkurrere og rive kvarandre og planeten ned. Heldigvis meiner ho å sjå at endringa er i gong. 

Kan vi verkeleg våge å vere optimistar i ei absurd tid som denne?

Trass i USAs karbontunge macho-politikk på føderalt nivå, er det grøne skiftet i gang på delstatsnivå og internasjonalt. Karbonutsleppa har flata ut. Parisavtalen er ikkje perfekt, men han vert jobba hardt med innanfor akademia, politikk og næringsliv. Eit Googlesøk av «Paris Climate Agreement» generer over tre millionar treff. Urfolk, kvinner og bønder er i rørsle. Occupy Wall Street, inspirert av Den arabiske våren, har ikkje tenkt å gje seg med det første.

Det nødvendige skiftet som Shiva snakkar ser ut til å vere i gong. Vonleg vil det redde både våryre flamingo og andre seksuelle og ikkje-seksuelle vesen. Planeten til dømes.

Kva er økofeminisme?

Ei politisk rørsle som vil kople økologisme (klimakamp) og feminisme (kvinnekamp). Økofeminismen viser oss korleis utbyttinga av kvinner og jorda er strukturelt knytt saman. Ikkje noko anna politisk perspektiv integrerer eit så mangfaldig sett av utfordringar som økofeminismen: kvifor rumenarar framleis vert handsama som dyr, kvifor kvinner tek seg av 65 prosent av arbeidet i verda for ti prosent av lønna, kvifor internettbilete av seksuelt utnytta barn genererer millionar av dollar, kvifor kyllingar vert avla berre for vingane og levra si, korleis vi kan tillate det monumentale artstapet som no skjer, og kvifor jorda sjølv vert brukt som eit krigsvåpen.

Referanser

  • Mies, Maria and Vandana Shiva. Ecofeminism. Zed Books, 2014.