Bilde mangler beskrivelse

Borgar på Færøyene i 2016. Foto: Privat

Å reise er å leve

Eg elskar å fly, det kan eg ikkje fornekte. Samtidig ønsker eg å redusere klimagassutsleppa og forsøker å vere bevisst på vala eg tar i kvardagen. 

Publiseringsdato
19.8.2024
Skrevet av

Augneblinken eg forstod at eg eigentleg er veldig glad i å fly sjølv om eg veit så godt kva klimaeffektar det bidrar med, hugsar eg godt. Eg stod på terminalen på Oslo lufthamn etter akkurat å kome meg gjennom tryggleikskontrollen og speida nedover den store avgangshallen. Eg var på jobbreise og skulle halde eit foredrag i Tromsø om kva for konsekvensar klimaendringane fører til. No skulle eg på den første flyturen etter koronapandemien, etter ei lengre koronapause. Der stod eg, smilte og tenkte, ja, dette er fint, no er eg tilbake. Men korleis kom eg dit? 

Utforskartrongen inn med morsmjølka

Eg vaks opp i ei lita bygd i Telemark med natur og elementa tett på. Det førte til ein svært tidleg interesse for vêr, klima og natur, som har hengt med resten av livet og avgjort kva for studie og karriere eg enda opp med. Eg vaks òg opp i ein familie som var genuin oppteken av verda der ute og som la til rette for utforskartrongen. Som baby var eg så heimekjær at mora mi knapt kom seg ut på besøk, men etter det har horisonten min blitt større og større. Å vere utvekslingsstudent på vidaregåande på eit anna kontinent, i Canada, gjer noko med ein. Eller å besøke broren som studerte i Cape Town i Sør-Afrika. Det same med å ta sommarjobbar i studietida, om det er i Kópavogur rett utanfor Reykjavik på Island eller i Kairo i Egypt. Eller å ta delar av studiane mine på Svalbard. Ein sommarskule for yngre forskarar i det gamle sommarpalasset til keisaren i Laxenburg, utanfor Wien i Austerrrike, like så. Alt dette flaug eg fram og tilbake til. Det forma òg meg som person, noko eg ikkje ville ha vore utan. 

Bilde mangler beskrivelse

Borgar på Maidanplassen Kyiv i 2014. Foto: Privat

Frå Petersplassen til Maidan-plassen

Gjennom studiane og seinare gjennom jobben spesialiserte eg meg i klima. Eg flytta mykje nærare heimtraktene då eg fekk jobb i Oslo, på CICERO Senter for klimaforskning. Då slapp eg all flyginga mellom studiar og jobb i Longyearbyen og familie sør i landet. Men då opna resten av verda seg på ein heilt annan måte enn då eg budde neste på nordpolen, med lett tilgang frå Oslo lufthamn. Å få sett paven ta påskegudstenesta på Petersplassen må nesten vere blant den obligatoriske danningsreisa. Eller, kanskje litt meir outrert, å sjå Zwarte Piet ri på ein hest gjennom Amsterdams gater, før denne tradisjonen vart litt vel omstridt. Med krig i nabolanda våre dei siste åra er eg glad for at eg i januar 2014 fekk gå rundt på den barrikaderte Maidan-plassen i Kyiv i Ukraina og oppleve opprøret som skjedd då og med det få ei djupare innsikt i konflikten. 

Bilde mangler beskrivelse

Borgar på feltarbeid på Longyearbreen i 2008. Foto: Privat

Ekspert på klima og fly

Paradoksalt nok var det prosjektet som førte til at eg fekk jobb på CICERO eit på transport og klima. Dette danna grunnlaget for ein seinare doktorgrad om klima og transport, der eg blant anna kvantifiserte klimaeffektar av nordmenns reisevaner. Eg fann ut at klimaavtrykket frå nordmenns flyreiser er omtrent like stort som avtrykket frå nordmenns bilreiser. Eg fekk førstekunnskap om at flyreiser, spesielt dei lange, gir store klimaeffektar. Men eg fekk òg kunnskap om at fly faktisk kan vere effektivt. Faktisk kan det vere betre å fly enn å køyre åleine i ein bil, ikkje elbil vel å merke. Eg såg òg at elfly og alternative drivstoff vert utforska. Men det er ikkje til å kome frå at dei lange flyreisene gir store klimakostnader og at det ikkje kjem nokon reelle alternativ med det første. 

Eg flyr mindre, men

Eg flyr mindre enn før. Det vil seie, eg flyr veldig mykje mindre på fritida, mens med jobben kan det vere ein del. Eg har blant anna vore prosjektleiar for eit forskingsprosjekt som handla om overgang til rein og fornybar energi i Tanzania. Her er alternativa få. Vi kommuniserte stort sett digitalt i prosjektet, men det var svært nyttig for prosjektet og meg som prosjektleiar å endeleg ta ein tur ned til Dar es Salaam, då sjølvsagt med fly. 

Eg flyr mykje mindre på fritida. Ei viktig årsak er at eg har fått meg små ungar. Då er det fint å ta sommarferien ved å sitje på toget ned til Fredrikstad og leige eit hus fullt av leiker. Eg må innrømme at eg kanskje hadde dratt lengre om eg var fri og frank. Tidlegare hadde eg eit mål å ha vore i like mange land som år eg er gamal, som eg noterte ned i eit Excel-ark. No er det fleire år sidan eg har opna den fila. 

Bilde mangler beskrivelse

Borgar med utsikt mot Gaustadtoppen 2012. Foto: Privat

Tog tar tid

Som småbarnsfar får eg litt andre utfordringar når eg skal velje framkomstmiddel. Eg er glad i å sitje på toget og kikke ut på landskapet og samtidig ha noko godt lesestoff med meg. Med det kunne eg kanskje ha tatt toget hit og dit. Men no blir tid med familien og kunne avlaste på heimebane viktigare enn at eg må ta toget i staden for flyet. Nyleg drog fleire kollegaer med tog til Bodø for eit prosjektmøte. For meg var då alternativet å fly eller blir med digitalt, der sistnemnte vart løysinga. Opplevinga var ikkje like bra som å vere fysisk i møterommet med dei andre, men det fungerte. 

Bilde mangler beskrivelse

Fjellet hjemme i Telemark 2024. Foto: Privat

Borte bra, men heime best

All den reisinga har gitt meg mange perspektiv. Eg kjem framleis til å fly når eg ser det som nødvendig, men det er eit stort men. Ein lærdom eg har fått er at noko det aller beste eg veit er å dra på høgfjellet i nærområda der eg vaks opp, både om sommaren og vinteren. Når eg ikkje gjer noko og lar tankane flyge, endar eg som regel tilbake til den skituren eller gåturen eg hadde på fjellet heime i hjartet av Telemark. Større livskvalitet og meir kortreist kan det ikkje bli.