CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

Finansiell risiko ved nye oljeinvesteringar

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 19.02.2020

Vi snakkar både om fysisk risiko og overgangsrisiko i samanheng med klima. Men oljeselskapa må også handtere ein finansiell risiko.

I følgje klimaavtalen frå Paris, som trådde i kraft i 2016, har Norge og 186 andre land blitt samde om å bremse den globale oppvarminga til under 2 °C i løpet av dette hundreåret, og prøve å komme ned til 1,5 °C. Med den innsatsen som partane til denne klimaavtalen har meldt inn er verda på veg mot ei oppvarming på rundt 3 °C. Skal vi nå klimamålet er det difor nødvendig med vesentleg strammare klimapolitikk og større innsats enn i dag. I Parisavtalen er det lagt inn ei ordning for å stramme til innsatsen til partane kvart femte år. Ettersom den viktigaste klimagassen er karbondioksid, som fyrst og fremst kjem ved forbrenning av kol, olje og gass, vil all utvinning og direkte og indirekte bruk av fossil energi bli ramma av ein strammare klimapolitikk. Kol vil bli ramma mest, deretter olje, og i minst grad gass. Gass kan difor spele ei større rolle enn kol og olje i ein overgang til vedvarande energiformer som sol og vind.

Klima-relatert risiko kan delast inn i fysisk risiko, knytt til konsekvensane av endra temperatur, nedbør og vindforhold, og overgangsrisiko, knytt til strammare klimapolitikk og høgare prisar på utslepp av klimagassar, teknologiske endringar (som elektrisk transport), endra smak og etterspørsel etter varer og tenester, og juridisk ansvar for skadar knytt til klimaendring (for eksempel retta mot oljeselskap).

Ein samla plan for utvinning

I Norge står petroleums-produksjonen for nær ein femtedel av brutto nasjonalproduktet og mange arbeidsplassar i næringa og i leverandørindustrien. Av Norge sine opphavelege petroleumsreservar står framleis 55 prosent igjen å utvinne (NOU 2018). Mange studiar peikar på at berre ein del av dei reservane av olje (og kol og gass) som er lønnsame i dag kan utvinnast dersom verda skal ha ein rimeleg sjanse for å nå målet om mindre enn 2 °C oppvarming. Van der Ploeg (2018) finn at 80 prosent av kol-reservane, 33 prosent av olje-reservane og 50 prosent av gass-reservane ikkje kan utvinnast. Ideelt sett kunne ein tenkje seg at verda laga ein samla plan for utvinning av fossile energivarer som er i tråd med klimamålet ut frå utvinningskostnaden og ei global karbonavgift, men dette er heilt urealistisk på grunn av dei store inntektene for mange land og dessutan at nokre fattige land, som for eksempel India har store reservar av kol.

Oljeselskapa må handtere mange fleire typar risiko enn dei klimarelaterte, ikkje minst marknadsforhold som gjer framtidig oljepris usikker. Dei legg difor ofte inn ein prismargin på +/- 30 til 40 prosent ved nye investeringar (NOU 2018). Rask utbygging av kraftproduksjon og industriproduksjon med karbonfangst og -lagring kan gjere det mogeleg med meir utvinning av fossile energikjelder, men per i dag finst det få anlegg på grunn av høg kostnad og for liten verdi. Verdien av karbonfangst og -lagring avheng fyrst og fremst av prisen på utslepp av karbondioksid.

Låg oljeverdi og mindre lønsame investeringar

I følgje Carbon Tracker (2019) treng oljeselskapa ei radikal omlegging av planane sine skal verda klare 2 °C-målet. Dei finn at rundt 60 prosent av investeringane i ‘business as usual’ fram til 2030 må droppast. Blir alle planane realisert er det fare for store tap på grunn av ‘stranded assets’, altså at investeringane i ny produksjon etter nokre år vil få null verdi fordi oljeprisen er blitt for låg. For Equinor medfører dette blant anna at nye prosjekt i Angola og Azerbaijan ikkje er i tråd med Parisavtalen. Carbon Tracker peikar på at oljeutvinning i Arktis saman med oljesand, oljeskifer og tungolje har ekstra stor risiko. Dersom verda har evne og vilje til å nå klimamålet i Parisavtalen vil verdien av oljen synke, både fordi oljeprisen vil gå ned og fordi det vil vere mindre lønsamt med nye investeringar. Meir av verdien til oljen (grunnrenta) vil gå til konsumentlanda, som vil auka karbonavgiftene og stramme til i kvotehandelsystem for å nå sitt nasjonale mål for utslepp av klimagassar. NOU (2018) reknar difor med at ein stor del av verdien av oljen for Norge vil komme frå utvinninga i dei neste to tiåra.

I følgje Oljedirektoratet er det i perioden 2019-2023 planlagt nye norske investeringar i olje og gass for rundt 500 milliarder kroner. Kor stor del av desse investeringane og seinare planlagde investeringar er i tråd med det globale og det norske klimamålet? Dette spørsmålet er aktuelt både for oljeselskapa og den store leverandørindustrien. Det er ei utfordring for Norge at planane for petroleumsnæringa ikkje er samstemte med verda sitt klimamål. Her ligg det også eit spørsmål om forvaltninga av Oljefondet bør justerast. Reguleringa av denne næringa og skatteregimet har skapt store inntekter til den norske samfunnet, men samstundes fører den til at samfunnet tek mesteparten av risikoen ved nye investeringar. Oljeselskapa kan difor komme til å ta større klimarisiko enn det som er i best interesse for det norske samfunnet. I tillegg er nye investeringar i nord-områda spesielt risikofylte på grunn av den finansielle risikoen knytt til ‘stranded assets’ samt risikoen for sårbart dyreliv og natur.

 

Referansar: Climate Tracker Initiative (2019), Breaking the habit – Why none of the large oil companies rae “Paris-aligned”, and what they need to do to get there. https://www.carbontracker.org/reports/breaking-the-habit/

NOU (2018), Klimarisiko og norsk økonomi, No. 17.

Van der Ploeg, Rick (2018), Climate and the risk of stranded assets: Portfolio management in Norway, Norway’s Climate Risk Commission, Potential climate risks in financial markets, 17 January.