CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

Made in Copenhagen

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 15.02.2010

København-møtet er blitt kalla ein fiasko. Men kva vart verdas land eigentleg samde om?

I desember var 193 land samla til klimaforhandlingar i tolv dagar. For partane i den internasjonale miljøavtalen Klimakonvensjonen (UNFCCC), var dette det 15. møtet som er blitt arrangert.
 
Toppmøtet resulterte i «Copenhagen Accord»; eit 2,5 siders dokument som ikkje er juridisk bindande. Avtalen vart avvist av Venezuela, Sudan, Bolivia, Nicaragua og Cuba og blir derfor ikkje ei offisiell avgjerd i UNFCCC, då dette krev full konsensus. UNFCCC har likevel mandat til å setje i verk tiltak i avtalen, men dersom avtalen ikkje godkjennast av alle partar, må tiltaka skje utanfor Klimakonvensjonen sitt rammeverk.
 
København-avtalen inneheld få forpliktingar, men på nokre område kan han kallast eit framskritt. Punkta under gir eit bilete av hovudtrekka i avtalen.

TILPASSING TIL KLIMAENDRINGAR

Dei landa som skreiv under avtalen, vedkjenner at alle land vil måtte gjere tiltak for å tilpasse seg klimaendringar. Dette vil fordre sterkare internasjonalt samarbeid, særleg ved at rike land må støtte utviklingsland.

FINANSIERING AV KLIMATILTAK I UTVIKLINGSLAND

I perioden 2010 til 2012 vil rike land betale til saman 30 milliardar amerikanske dollar, hovudsakleg til tilpassingstiltak i dei mest sårbare utviklingslanda. Men pengane kan også gå til utsleppsreduksjonar, skogtiltak, teknologiutvikling, teknologioverføring og kompetanseheving. Innan 2020 skal summen aukast til 100 milliardar dollar i året. Pengane skal kome i tillegg til eksisterande utviklingshjelp og kanaliserast gjennom eit «grønt klimafond». Avtalen seier ingenting om når fondet skal etablerast eller kven som skal administrere og styre det, heller ikkje om kva for industriland som skal betale inn midlane.
 
Utviklingslanda meinte at 100 milliardar dollar var «bedrøveleg utilstrekkeleg». G77 og Kina bad ved starten av konferansen om 400 milliardar dollar.

TOGRADARSMÅLET

Dei landa som signerte København-avtalen, vedkjenner at klimaendringar er «ei av dei største utfordringane i vår tid». Dei vedkjenner også behovet for å redusere globale utslepp slik at den globale temperaturen ikkje stig med meir enn to grader. Avtalen oppfordrar til at ein global utsleppstopp skal nåast så snart som muleg. Rike land skal nå sin utsleppstopp før fattige land. Avtalen set ingen tidsfristar.

OVERVAKING

Korleis skal ein sikre at land overheld utsleppsforpliktingane sine? Dette var eit av dei største stridspunkta i forhandlingane. Utviklingslanda sette seg imot kontroll av nasjonale tiltak som ikkje får internasjonal finansiering, fordi dei meinte at dette ville vere ein inngripen i deira nasjonale suverenitet. Dei gjekk til slutt med på ein viss grad av internasjonal kontroll med utsleppsbanene i store utviklingsland. Dette var avgjerande for at USA skulle signere.

UTSLEPPSKUTT

Både fattige og rike land forplikta seg i avtalen til, innan 31. januar, å levere sine utsleppsmål for 2020 til FNs klimakonvensjon. Medan rike land må «forplikte seg til å realisere» utsleppsmåla sine, må utviklingsland berre «realisere» sine mål. For dei minst utvikla landa og små øystatar er utsleppsreduksjonane frivillige og avhengige av kor vidt dei mottar finansiell støtte. Avtalen nemner ikkje utsleppsmål for 2050.
 
Utsleppsmåla som vart leverte til 31. januar var i hovudsak stadfestingar av tidlegare løfte om utsleppskutt. Alle dei store utsleppslanda leverte innan fristen. Med dei løfta som har komme, ligg verda an til å få ei temperaturstiging på over 3 grader innan 2100.

SKOG

Landa som signerte avtalen i København er samde om at skogtiltak ikkje berre skal omfatte å redusere avskoging og degradering av skog. Skogtiltak skal også omfatte vern, berekraftig skogbruk og tiltak for å auke karbonopptaket. Eit slikt syn har i forhandlingane fått namnet REDD+, mot tidlegare REDD (Reduced Emissions from Deforestation and Degradation). 
 
Forhandlingane om REDD+ vart karakteriserte som føregangsforhandlingar. Så godt som alle land har nytte og interesse av skogtiltak og ein ser difor ikkje dei tradisjonelle konfliktlinjene mellom rike og fattige land. Der er likevel store utfordringar knytt til korleis eit slikt system skal fungere. REDD+ omfattar 37 land der forholda varierer frå land til land, for eksempel med tanke på urfolk og eigedomsrettar. Ulike land har også ulike oppfatningar av korleis skogtiltak skal finansierast.

TEKNOLOGI-OVERFØRING

Overføring av teknologi frå rike land til utviklingsland vil koste mindre enn finansiering av tilpassingstiltak og utsleppsreduksjonar. Men København-avtalen er ikkje klar på korleis teknologioverføring skal finansierast.

Kjelder

  • Climatico: Copenhagen De-briefing. An Analysis of COP15 for Long-term Cooperation.
  • UNFCCC: Copenhagen Accord

Les også Parallelle spor for klimaforhandlingene

Denne artikkelen ble opprinnelig publisert i Magasinet Klima nummer 1, 2010