CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

Klimaavtalen er historisk

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 02.02.1998

Verda tok eit lite, men viktig skritt i Kyoto

Denne saken sto opprinnelig på trykk i CICERONE nr 1. 98. Webversjon er basert på maskinlesing av scannet dokument, noen feil kan forekomme.

Kyoto-protokollen er historisk fordi det er den fyrste bindande avtalen for å redusere utsleppa av klimagassar blant industrialiserte land. Ein slik avtale går til "hjartet" av økonomien i alle land. Olje, kol og gasser dei viktigaste energiberarane våre, og forbrenning av slike fossile energivarer fører til utslepp av karbondioksid (CO2).

Forhandlingsprosessen var komplisert fordi dei fleste land i verda var med, og fordi utgangspunktet og interessene til desse landa varierte enormt. Kyoto-protokollen er difor eit stort skritt i retning av eit globalt klimapolitisk regime.

Vi bør oppfatte Kyoto-protokollen som fyrste etappe i ein politisk prosess. Pa seinare tidspunkt kan reduksjons-måla bli meir ambisiøse, og utviklings-landa kan etter kvart bli med.

 

Gjennom Kyoto-protokollen har dei industrialiserte landa forplikta seg til å redusere sine utslepp av klimagassar med minst fem prosent i perioden 2008 til 2012 i forhold til utsleppa i 1990. Denne gruppa land er samla i eit Anneks B i Kyoto-protokollen, og omfattar dei aller fleste industrialiserte land.

Klimakonvensjonen definerer ei liknande gruppe land; Anneks I. Skilnaden er at Anneks B har med Liechtenstein, Kroatia, Monaco og Slovenia i tillegg til landa i Anneks I, medan Kviterussland og Tyrkia manglar i Anneks B. Dessutan er Tsjekkoslovakia i Anneks I delt opp i Tsjekkia og Slovakia i Anneks B.

Forpliktingane er differensierte frå pluss ti til minus åtte prosent mellom land (sjå figuren). Samla effekt vil vere a redusere utsleppa i Anneks B-gruppa med 5,2 prosent i forhold til 1990.

Lange forhandlingar

Det har teke to og eit halvt ar med forhandlingar og i alt åtte forhandlings-møte før Kyoto-protokollen (Kyoto Protocol to the United Nations Framework Convention on Climate Change) vart underteikna 11. desember 1997 i Kyoto i Japan, på den tredje parts-konferansen til Klimakonvensjonen (United Nations Framework Convention on Climate Change).

Utgangspunktet for forhandlingane var det såkalla Berlin-mandatet, som vart vedteke på den fyrste partskonferansen til Klimakonvensjonen i Berlin våren 1995. Spenninga varte heilt fram til protokollen vart underteikna ti timar på overtid i Kyoto. Like til det siste var det fare for at ein ikkje ville nå fram til ein avtale.

Det øvste organet til Kyoto-protokollen er partsmøtet (The Conference of the Parties serving as the meeting of the Parties to this Protocol). Partsmøtet til Kyoto-protokollen vil bli kombinert med dei årlege partskonferansane til Klimakonvensjonen.

Kyoto-protokollen vil tre i kraft når minst 55 land som står for minst 55 prosent av 1990-utsleppa av karbondioksid i Anneks 1 gruppa i Klimakonvensjonen har ratifisert den. Denne regelen sikrar blant anna at protokollen sannsynlegvis ikkje kan tre i kraft før USA bar ratifisert den.

Eit lite klimaskritt

Likevel er Kyoto-protokollen berre eit lite skritt for å bremse ei framtidig klima-endring. Avtalen er på ingen måte tilstrekkeleg for å stabilisere eller redusere konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæsen. Reduksjonsmålet er relativt lite ambisiøst og utviklingsland har ikkje fått forpliktingar til å redusere sine utslepp av klimagassar i denne omgang.

På grunn av sterk og langvarig økonomisk vekst i utviklingsland vil desse landa stå for ein aukande del av globale utslepp framover. FN sitt klimapanel (IPCC) ventar at utviklingslanda sin del av globale utslepp av karbondioksid vil stige frå 25 prosent i 1990 til 45 prosent i 2025. Kina baserer seg i stor grad på nasjonale kolressursar, og prognosane tyder på at utsleppa av klimagassar vil bli meir enn dobla frå 1990 til 2010.

I følgje FN sitt klimapanel må globale utslepp av klimagassar reduserast med 60-70 prosent utover i neste hundreår. Dette for å sikre at konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren held seg under eit nivå som svarar til det doble av konsentrasjonen for starten på den industrielle revolusjon omkring 1750-talet.

IPCC har også studert effekten av ein klimaavtale som reduserer dei industrialiserte landa sine klimagassutslepp med to prosent årleg frå 2000 til 2100, med start på 1990-niva. Ein slik avtale ville ha redusert den forventa globale oppvarminga frå 2,0 grader C til 1,5 grader C i år 2100.

Effekten av Kyoto-protokollen på ei framtidig klimaendring er vesentleg mindre, kanskje rundt 0,1 grad C redusert oppvarming i slutten av neste hundreår. Grunnen til dette er at utslepps-reduksjonen for industrialiserte land i Kyoto-protokollen berre er på 5,2 prosent i perioden 2008 - 2012 samanlikna med 1990, og at utviklinga etter 2012 ikkje er avklart enno. Dersom Kyoto-protokollen blir stramma til i dei neste femårs-periodane etter 2012, vil klima-effekten bli større.

Uavklarte spørsmal

Mange viktige spørsmal knytt til Kyoto-protokollen gjenstår å avklare og forhandle, blant anna reglar for handel med utsleppskvoter, reglar for a ta med binding av karbondioksid i skog og andre sluk, sanksjonar mot land som ikkje oppfyller forpliktingane sine eg gradvis innføring av forpliktingar for utviklingsland. Desse spørsmåla vil bli teke opp på den neste partskonferansen til Klima-konvensjonen og partsmøtet til Kyoto-protokollen, som er planlagt i Buenos Aires i Argentina 2.-13. november 1998.

Motstand mot kvotehandel

Kyoto-protokollen gjev partane høve til å handle med kvotar basert på utslepp eller endra opptak av karbondioksid i skog (og andre sluk). Like til det siste var det stor motstand frå utviklingsland mot kvotehandel, spesielt frå Kina og India. Det finst ei generell formulering om at kvotekjøp må komme i tillegg til innanlandske tiltak, og det blir slått fast at eit land kan tillate bedrifter a delta i kvotehandel. Den detaljerte utforminga av reglar for kvotehandel er utsett til fyrste partsmøte.

Fleire partar kan tenkjast a ga inn for at eit land berre far oppfylle inntil ein viss present av sitt nasjonal reduksjonsmål gjennom kjøp av kvotar, for a sikre at ein del tiltak alltid vil bli gjennomført innanlands, og for a prøve å redusere problemet med handel med "varmluft" (hot air).

Russland vil sannsynlegvis kunne selje "varmluft" i perioden 2008-2012 fordi målet for Russland er stabilisering av utsleppa av karbondioksid på 1990-niva i 2008-2012. Det er store sjansar for at utsleppa i Russland da vil vere lavare enn i 1990 på grunn av store omstillings-problem i økonomien. Dermed kan Russland selje denne differansen i utslepp til andre land, noko som kan føre til at effekten av Kyoto-protokollen på samla utslepp i Anneks B-gruppa av land blir redusert.

Felles gjennomføring

I tillegg til den vanlege typen bilaterale prosjekt om felles gjennomføring mellom industrialiserte land (Anneks I-land) slår Kyoto-protokollen fast at ein multilateral mekanisme for felles gjennomføring og berekraftig utvikling i utviklingsland skal opprettast (Clean Development Mechanism). Gjennom denne mekanismen kan industrialiserte land investere midlar i prosjekt i utviklingsland som medverkar til berekraftig utvikling eg reduserte klimagassutslepp.

Verifiserte utsleppreduksjonar av denne type kan brukast til å oppfylle deler av forpliktingane til eit Anneks I-land. Private og offentlege aktørar i eit land kan delta (blant anna bedrifter). Sertifiserte utsleppsreduksjonar kan frå år 2000 bli brukt til å oppfylle forpliktingar i perioden 2008-2012. Nærare reglar for denne mekanismen skal utformast på partsmøtet til Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen i Buenos Aires.

Alle partar til Kyoto-protokollen kan velje å samarbeide om å oppfylle sine forpliktingar i ei såkalla "boble", jamfør EU og byrdefordelinga innan EU. Målet for kvart deltakande land i ein slik avtale (boble) skal slåast fast før ratifisering av Kyoto-protokollen. Dersom fleire land blir med i "bobla" etter ratifiseringa, kan ikkje måla for kvart land endrast i perioden 2008-2012, men landa sine mål for neste målperiode kan bli endra.

Land i gruppa av overgangsøkonomiar har fått litt større fleksibilitet i oppfylling av sine forpliktingar enn andre Anneks I land. Dei overgangsøkonomiane som ikkje hadde fatt etablert eit basisar før den andre partskonferansen til Klimakonvensjonen i juli 1996, har høve til a velje eit anna basisar enn 1990.

Ingen mål for utviklingsland

Både Klimakonvensjonen frå 1992 og Berlin-mandatet frå 1995 slår fast at utviklingslanda ikkje har forpliktingar til å redusere sine utslepp, og at dei heller ikkje i næraste framtid skal få slike forpliktingar. Kyoto-protokollen slår då også fast det same; den opnar ikkje ein gong for at utviklingsland kan ta på seg forpliktingar frivillig.

Det vil vere nødvendig å fa utviklingslanda sterkare med i klima-prosessen etter kvart fordi dei vil stå for ein stadig større del av globale klimagassutslepp. Spørsmålet er på kva måte utviklingsland skal bli fasa inn og kor fort det skal skje. Prinsippa om byrdefordeling og fleksible gjennomføringsmekanismer i protokollen vil gjere det lettare å få med utviklingsland over tid. Eit alternativ er å leggje opp til ein timeplan for å fase utviklingsland inn. Alternativt kan ein leggje til grunn kriterium for utviklingsnivå, som til dømes eit visst nivå for BNP per innbygger.

Situasjonen i USA

Den viktigaste flaskehalsen framover blir ratifikasjonsprosessen i USA. Den noverande Kongressen, med republikansk fleirtal, er svært skeptisk til Kyoto-protokollen. Dei meinar den er ein trussel mot amerikansk konkurranseevne og arbeidsplassar fordi viktige konkurrentar som Kina ikkje får forpliktingar til å redusere sine utslepp.

Det ser ut til at president Bill Clinton vil vente til 1999 med å leggje protokollen fram for Kongressen. Dermed kan han håpe på at den nye Kongressen etter valet i haust er meir positivt innstilt til Kyoto-protokollen, og at spørsmåla om reglar for blant anna kvotehandel har blitt avklarte på partsmøtet i november i år. Clinton kan også fa ein lettare jobb dersom det blir ein tørkesommar i USA, og det blir mange stormar og tilfelle med ekstremt ver.

Uansett blir det viktig for Clinton å arbeide for å få store utviklingsland som Kina, India eg Indonesia med på frivillige forpliktingar til å redusere sine utslepp fram mot partsmøtet i november, eller i det minste ein timeplan for når desse landa blir med.

Noreg sin situasjon

Pa mange måtar har Noreg fatt ein god Kyoto-protokoll. Viktige norske ynskje om bindande forpliktingar, byrdefordeling, mange gassar, binding av karbondioksid i skog og fleksible gjennomføringsmekanismer (som handel med kvoter og felles gjennomføring) har komme med. Rett nok gjenstår ein del spørsmal omkring utforming av reglar på område som kvotehandel og skog. Vi kan rekne med at Noreg i alle fall kan kjøpe ein del kvotar frå andre land og bli kreditert for felles gjennomførings-prosjekt med land i Anneks I.

Foreløpige analysar tyder på at kostnaden for Noreg ved å oppfylle Kyoto-protokollen blir moderat, og at kostnaden knytt til redusert oljepris, og dermed redusert oljeformue, er mange gongar større enn kostnaden knytt til innanlandske tiltak og kvotekjøp i utlandet.