CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

Grøn avtale i det blå

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 01.12.2000

Partskonferansen i Haag måtte avbrytast utan at nokon vedtak vart fatta. Det var i viktige spørsmål som regelverk for sluk for karbondioksid i skog og landbruk, og for kvotehandel, at avstanden mellom partane var størst. Samanbrotet har skapt ny uvisse om Kyotoprotokollen sin framtid, sjølv om klimaforhandlingane venteleg vil halde fram i mai neste år.

Forhandlarar frå 182 land var samla i den nederlandske byen for å bli samde om korleis vi skal redusere utsleppa av karbondioksid og andre klimagassar. Dei skulle bli samde om reglane for gjennomføringa av Kyotoprotokollen frå 1997. I følgje denne avtalen skal industrilanda i perioden 2008-12 redusere sine klimagassutslepp med vel 5% samanlikna med 1990. Til dømes skal EU samla redusere sine utslepp med 8%, medan Noreg kan auke utsleppa med 1%. Landa kan nå måla gjennom innanlandske tiltak eller gjennom samarbeid med andre land.

Pessimistane som trudde at det på denne sjette partskonferansen til Klimakonvensjonen ikkje ville vere mogeleg å komme fram til ein avtale fekk rett. Klimaforhandlingane stranda hovudsakleg på to
punkt, der USA og EU sto steilt mot kvarandre: reglar for Kyotomekanismane (kvotehandel, felles gjennomføring, og den grøne utviklingsmekanismen), som opnar for samarbeid om klimatiltak mellom land, og spørsmålet om i kva grad eit land kan krevje "frådrag" for vekst i skogen sin (sidan tre bind karbondioksid).

I tillegg hadde forhandlarane komme for kort i å bli samde om talrike detaljar og meir tekniske spørsmål før ministrane kom for å skjere igjennom viktige uløyste spørsmål og gjere endelege vedtak. Forhandlingsprosessen tek lang tid når regionale grupper som u-landsgruppa G77/Kina og EU brukar lang tid på intern avklaring før dei kan møtast til forhandlingar mellom gruppene. Presidenten for partskonferansen, den nederlandske miljøvernministeren Jan Pronk, prøvde å få partane til å forhandle ut frå eit kompromiss han la på bordet torsdag kveld, mindre enn to døgn før møtet skulle avsluttast. Notatet delte forhandlingstema inn i fire hovudgrupper: a) Kapasitetsbygging, overføring av teknologi, tiltak for å verne utviklingsland mot klimaendringar og negative utslag av klimapolitikk, samt finansiering av desse tiltaka; b) Kyotomekanismene (som gjev industriland rett til å innfri sine reduksjonsmål ved å kjøpe kvotar frå andre land eller ved å investere i tiltak i andre land som gjev utsleppskredittar); og c) Arealbruk, endringar i arealbruk og skogbruk; og d) Klimatiltak (”Policies and measures”), handheving av Kyotoprotokollen, og rapportering og verifisering.

Nær norske posisjonar

Inntrykket er at Pronk strekte seg langt i kompromissforslaget for at USA skulle kunne godta det. Forslaget låg også nær opp til norske posisjonar på mange område.
Noreg spelte ein aktiv rolle i forsøket på å finne eit kompromiss. Miljøvernminister Siri Bjerke leia ei gruppe som det siste døgnet prøvde å få til eit kompromiss mellom EU og USA om karbondioksidsluk
i skog og reglar for Kyoto-mekanismane. Men den rørsla ein kunne observere i nokre posisjonar var likevel for liten. President Pronk skal sondere med partane med sikte på å halde fram partskonferansen
som måtte avbrytast i Haag. Sannsynlegvis vil del to av partskonferansen bli lagt til Bonn i mai/juni neste vår i samband med møta i spesialorgana til Klimakonvensjonen, SBSTA og SBI.

Skog og andre sluk for karbondioksid

Spørsmålet om karbonsluk viste seg å bli det vanskelegaste punktet i forhandlingane. USA, Canada og Japan ville ha eit mildt regelverk knytt til artiklane 3.3 (nyplanting, gjenplanting og hogst av skog) og
3.4 (binding og utslepp av karbondioksid frå andre aktivitetar, slik som jordbruk) i Kyotoprotokollen. Dette ville medføre at ein stor del av Kyoto-målet i mange land kan oppfyllast gjennom binding av karbondioksid, blant anna gjennom naturleg tilvekst i skogen som ikkje følgjer av spesielle tiltak. Dette ynsket vart sterkt imøtegått av EU, Noreg og dei fleste utviklingsland, som argumenterte med at
dette ville vatne ut Kyotoprotokollen slik at mange land i realiteten ikkje treng å redusere så mykje av sine energirelaterte utslepp av karbondioksid. Noreg sa at ein kan vurdere å ta med fleire skog- og arealbrukstiltak i neste Kyoto-periode, blant anna under den grøne utviklingsmekanismen, når kunnskapsgrunnlaget er blitt betre. Figur 1 gjev ei skjematisk framstilling av partane sine posisjonar
når det gjeld milde eller strenge reglar for karbondioksidsluk langs den horisontale aksen, og kravet til at Kyotomekanismane skal vere eit supplement til innanlands tiltak langs den vertikale aksen.

USA, Canada, Japan og Australia ville opne for skog-tiltak i den grøne utviklingsmekanismen. Store volum med billege skog-kredittar gjennom den grøne utviklingsmekanismen kan medføre svakare insentiv
for å utvikle grøn og klimavennleg teknologi i industrilanda. EU og mange utviklingsland gjekk på ein slik bakgrunn imot skog-tiltak under den grøne utviklingsmekanismen. Pronk foreslo i sitt kompromiss
å redusere volumet under artikkel 3.4 med ein bestemt faktor (30% for landbruks-tiltak og 85% for skogforvaltningstiltak), samt at eit land fram til 2012 maksimalt kan føre opp eit volum som utgjer 3% av nasjonale utslepp i 1990.

Supplementaritet og regelverk for Kyoto-mekanismane

Regelverket for Kyotomekanismanevar det andre store stridsspørsmålet i Haag. EU har foreslått at industrilanda må ta minst halvparten av utsleppsreduksjonen innan-lands. Paraplygruppa, der blant anna
USA og Noreg er med, gjekk klårt imot forslaget til EU om eit slikt kvantitativt tak på kjøp og sal av kvotar og kredittar under dei tre Kyotomekanismane. Dei fleste utviklingsland støtta EU sitt syn, men nokre var på linje med paraplygruppa, jamfør figur 1. I Pronk sitt kompromiss står det at landa i hovudsak skal nå sine Kyotomål gjennom innanlandske tiltak, og at oppfyllinga av dette supplementaritetskravet skal vurderast ut frå kvalitativ og kvantitativ informasjon skaffa fram gjennom nasjonal rapportering. Dette forslaget ligg nær posisjonen til paraplygruppa. I tillegg skal 70% av den nasjonale kvoten i Kyoto-perioden 2008-12 haldast unna kvotehandel. G77/Kina ville gjerne ha ein avgift på bruken av alle dei tre Kyoto-mekanismane, medan Kyotoprotokollen berre nemner ein avgift på den grøne utviklingsmekanismen for å dekkje administrative kostnader og tilpassingstiltak til klimaendring i utviklingsland. Industrilanda er imot avgifter på kvotehandel og felles gjennomføring. Pronk foreslår at det blir lagt ein avgift på felles gjennomføring og kvotehandel etter 2005 dersom industrilanda betalar inn for lite til fond som skal finansiere støttetiltak for utviklingslanda (fonda skal svare til minst 1 milliard USD per år etter 2005).

Handheving av Kyotoprotokollen

Avstanden mellom partane sine posisjonar var mindre i forhandlingane om eit system for handheving av Kyotoprotokollen enn i forhandlingane om skog-tiltak og supplementaritet. EU og dei små øystatane ville ha dei strengaste reaksjonane dersom Kyotoprotokollen ikkje blir oppfylt, og gjekk inn for å bøteleggje syndarane. Andre
land som USA og Canada ville ha mildare reaksjonsformer i slike tilfelle. Pronk foreslo å innføre strafferater for dei landa som ikkje når Kyoto-målet sitt. Det ville medføre at eit slikt land måtte redusere sine utslepp med 150% av det volumet som mangla på oppfylling av Kyoto-målet, og at dette blir auka til 175% av volumet i neste periode dersom landet framleis ikkje har nådd målet sitt. Pronk foreslo at dei to handhevingskomitéane skal ha to representantar frå kvar av dei fem FN-regionane pluss eit medlem frå gruppa av små øystatar.

Støtte til utviklingsland

Det vart gjort framskritt i å komme fram til mekanismar for overføring av middel og klimavennleg teknologi til utviklingsland for å hjelpe denne gruppa med klimatiltak og tilpassingstiltak. I kompromissforslaget til Pronk foreslo han å opprette to fond under Global Environment Facility, eit for tilpassing og eit knytt til Klimakonvensjonen. Fonda skal finansiere støttetiltak til utviklingsland.
Tilpassingsfondet skal finansierast gjennom ein avgift på 2% på kreditt generert gjennom prosjekt i den grøne utviklingsmekanismen. Klimakonvensjonsfondet skal blant anna finansierast gjennom overføring av ein viss prosent av den nasjonale Kyoto-kvoten i OECD-land (Anneks II land) til fondet, som så kan kjøpast av land med Kyoto-mål. Mange utviklingsland er skeptiske til at fonda blir plassert under
Global Environment Facility på grunn av koplinga til Verdsbanken.

Framskritt under forhandlingane

Sjølv om det ikkje var mogleg å komme fram til ein avtale i denne omgang vart det gjort store framskritt på fleire område.

Partane har komme fram til ein tekst om rapportering og handsaming av informasjon der berre små detaljar gjenstår. USA gjekk tilbake på kravet sitt om tidleg og full deltaking av (viktige) utviklingsland i klimaregimet. Vidare reduserte USA ein del på krava sine om kva eit land kan ta med av skog- og arealbruksrelatert binding av karbondioksid. Dei siste forhandlingsrundane tyder på at EU er villig til å redusere på kravet om eit kvantifisert tak på bruken av Kyoto-mekanismane. Det vart også gjort framskritt når det gjeld overføring og støtteordningar frå industriland til utviklingsland.

Utsikter og prosessen vidare

Det kan godt vere at det varbetre å ta eit brot i Haag enn å risikere ein sterkt utvatna Kyotoprotokoll som i neste omgang kunne undergrave klimaregimet og gjere det vanskelegare å nå det langsiktige målet i Klimakonvensjonen om stabilisering av konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren. Uansett blir det avgjerande at partane har kontakt gjennom formelle og uformelle kanalar fram til den neste partskonferansen for å løyse dei mange problema som gjenstår. Eit forhandlingsmøtemellom land i paraplygruppa og EU blei halde i Ottawa i byrjinga av desember, og det er også planar om eit klimamøte på ministernivå i Oslo før jul. Det er blitt vanskelegare å nå målet om at Kyotoprotokollen skal tre i kraft i 2002, men ikkje umogeleg. USA sin forhandlingsvilje og prosessen framover i dette landet blir avgjerande, og den vil blant anna avhenge av den framtidige presidenten og kor opptekne amerikanarane blir av klimaspørsmål framover.

Kva er Noregs klimapolitikk?

Medan Noreg sine posisjonar låg nær opp til kompromissforslaget på partskonferansen i Haag og Noreg spelte ein slags meglarrolle der, har det skjedd lite med norsk klimapolitikk på heimebane. Fleire politiske vedtak som er gjort kan medføre ein kraftig auke i norske klimagassutslepp framover. I fyrste rekkje gjeld det konsesjonar til norsk gasskraftverk. Noreg kjem også til å få ein stor vekst
i utsleppa frå olje- og gassverksemda og transportsektoren fram til 2012. Ut frå desse observasjonane ser det ut til at Noreg må kjøpe store volum med kvotar frå andre land, men kan vi vere sikre på at vi
får lov til det? Alternativet er å måtte gjennomføre mange dyre innanlandske tiltak. Det hastar difor med å få norsk klimapolitikk skikkeleg på plass. Den må slå fast kva som er norsk politikk
før 2008 og ta for seg alternativ til Kyotoprotokollen dersom det tek tid før den vil tre i kraft. Vi må i alle høve demonstrere framgang i nå klimamålet vårt innan 2005, slik Kyotoprotokollen krev.

 

Opprinnelig i Nyhetsbrev fra CICERO Senter for klimaforskning • Nr 6 desember 2000 • Årgang 9