CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

Fleire lyspunkt etter København

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 22.12.2009

Landa som var samla til COP15 i København hadde vanskar med å bli samde på fleire punkt. Men sjølv om avtalen møtet resulterte i er lite konkret, er situasjonen på ingen måte heilsvart, ifølgje CICERO-forskar Tora Skodvin.


Det største og vanskelegaste spørsmålet på Klimakonvensjonens partsmøte (COP15) i København var kven som skal betale for dei klimatiltaka som er nødvendige. I dokumentet partane vart samde om laurdag, er ein samde om at den globale oppvarminga skal avgrensast til to grader, men avtalen er meir vag når han skisserer kven som skal betale for utsleppskutt og andre klimatiltak.

Sjølv om mange spørsmål står igjen etter forhandlingane i København, er det mange lyspunkt, ifølgje forskar Tora Skodvin ved CICERO, som forskar på internasjonal klimapolitikk.
– Det føregår i dag klimapolitikk hos alle dei største nøkkelaktørane, seier Skodvin. – Når vi har problem med å få til eit internasjonalt avtaleverk, går dette på prinsipp: Kina har eit prinsipp om at dei rike landa skal forplikte seg først, og USA har eit prinsipp om at Kina skal forplikte seg til eit internasjonalt kontrollsystem.

USA og Kina

USA fryktar å miste arbeidsplassar til veksande økonomiar dersom amerikanske verksemder må betale for karbonutslepp medan verksemder i land som Kina slepp dette.
Les meir om USA: København viktig for amerikansk klimalov

Kina meiner på si side at utviklingsland har rett til økonomisk vekst, men landet har sagt seg villig til å redusere utsleppsveksten sin. Kina er likevel lite positive til å la reduksjonane bli kontrollerte av eit internasjonalt organ, men viste noko meir vilje til dette i avtalen som kom ut av Københavnforhandlingane, ifølgje Skodvin. Ho viser til at det, sjølv om det viser seg vanskeleg å bli samde om ein internasjonal avtale, likevel skjer viktige ting hos fleire viktige aktørar. I USA og Kina skjer det ei stadig utvikling av fornybar energiteknologi. Kina si satsing på vindkraft er i verdstoppen, og USA har den siste tida satsa sterkare på politikk som fremjer fornybar energi og ny infrastruktur.

Eksisterande lovnader

Globalt har ei rekke land sete mål om å redusere utsleppa sine. Land ansvarleg for 79 prosent av verdas utslepp har sete mål for 2020 – men ikkje alle landa ønskjer å la seg overvåke av eit internasjonalt kontrollorgan. Ein del land har gitt meir forpliktande løfte: Desse landa, som omfattar ei rekke rike land men ikkje USA, har totalt gitt løfte om utsleppskutt på mellom 18 og 22 prosent innan 2020 i forhold til 1990-nivå.

Dersom ein skal nå togradersmålet, må rike land redusere utsleppa sine med mellom 25 og 40 prosent innan 2020 i forhold til 1990-nivå. Fattige land må redusere utsleppa sine med 15-30 prosent i forhold til «business as usual»(BAU). BAU-omgrepet viser til forventa utslepp i 2020 dersom utsleppa held fram som i dag.

Betre koordinering

– Sjølv om ein del land har forplikta seg til å redusere utsleppa, er lovnadene som har komme ikkje tilstrekkelege for å nå eit togradersmål. Likevel ser vi at det skjer viktige ting, seier Skodvin. – Alle dei store nøkkelaktørane gjennomfører klimapolitikk. Det som no må gjerast, er å byggje opp tilliten mellom dei ulike partane. Dei internasjonale forhandlingane viser at tilliten i dag manglar. Men i avtalen frå København går Kina med på ein viss form for internasjonal kontroll med sine utslepp, og dette er eit framskritt.

Ein internasjonal avtale kan komme på sikt. Dette vil verda kunne tjene på, meiner Skodvin.
– Med ein internasjonal avtale på plass, ville vi få ei betre koordinering internasjonalt og kostnadene kunne reduserast. Då ville ein også gradvis kunne auke ambisjonsnivået.