CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder

COP5: Girskifte i Bonn

Klima - Et magasin om klimaforskning fra CICERO

Publisert 10.12.1995

Gjennomføringa av arbeidsplanen frå Buenos Aires i fjor tok eit godt skritt framover under det femte partsmøtet til Klimakonvensjonen (COP5), som vart arrangert i Bonn, Tyskland, i månadsskiftet oktober/november.

Gjennomføringa av arbeidsplanen frå Buenos Aires i fjor tok eit godt skritt framover under det femte partsmøtet til Klimakonvensjonen (COP5), som vart arrangert i Bonn, Tyskland, i månadsskiftet oktober/november.

Partane la inn eit nytt gir i forhandlingane gjennom å vedta ein intensivert arbeidsplan for det kommande aret. Målet med arbeidsplanen er å vedta utfyllande reglar for Kyotoprotokollen på COP6 hausten 2000.

Atmosfæren under forhandlingane var denne gongen meir prega av sakleg diskusjon enn av politiske markeringar. Utsiktene for at partane kjem i mål med arbeidsplanen frå Buenos Aires er difor lysare enn før. Viljen til å arbeide mot å få gjort dei nødvendige vedtaka på COP6 ser ut til å vere til stades hos dei fleste partane.

Mange partar meinte at målet må vere å få Kyotoprotokollen til å tre i kraft innan tiårsmarkeringa av Klima-konvensjonen (UNFCCC) i Rio (Rio+10), det vil seie i juni 2002. Men det er svært mange spørsmål som står igjen og som vil krevje stor forhandlings-innsats det neste året.

Det viktigaste resultatet frå COP5 er den viljen som vart signalisert til å komme i mål med arbeidsplanen frå Buenos Aires. Den nyvalde presidenten for COP5, den polske miljøvernministeren Jan Szyzsko, har fått vide fullmakter til å føre forhandlingsprosessen vidare framover mot COP6.

Elles kan vi merke oss at Noreg bar fått ein framståande posisjon ved at den norske delegasjonsleiaren Harald Dovland vart valt til formann i Subsidiary Body on Scientific and Technological Advice (SBSTA).

Kyotomekanismane

Fristen for å komme med fleire forslag for utforming av regelverket for Kyoto-mekanismane; kvotehandel, felles gjennomføring (Joint Implementation, Jl) og den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism, CDM) vart sett til 31.1.00. Vidare var ein samde om å gje høgast prioritet til CDM.

Det finst ein svært førebels forhandlingstekst som er laga av formannen i kontaktgruppa for mekanismane. EU sitt framlegg om tak på mekanismane ligg inne, men vart i lag med mange andre vanskelege saker ikkje forhandla under COP5.

Etter at utviklingslanda har lært meir om CDM og fordelar dei kan få av å selje CDM-prosjekt og få tilgang til ny teknologi, ser det ut til at mange av dei har fått ei meir positiv haldning til denne mekanismen.

Eit nytt tema som kom opp var om kjernekraft-prosjekt skal kunne aksepterast under CDM. Canada og nokre andre land med kjernekraft ser eit potensial i å eksportere kjernekraft-teknologi som kunne gje eksportørane tilgang til klimagasskvotar gjennom CDM. Mange andre land var i mot å ta med kjernekraft-prosjekt under CDM og felles gjennomføring.

Activities Implemented Jointly

På den fyrste partskonferansen til Klima-konvensjonen i Berlin i 199S vart partane samde om å opprette ein pilotfase for felles gjennomføringsprosjekt som skulle vare ut 1999. Alle land kan delta i slike prosjekt, men dei vil ikkje gje grunnlag for kreditering.

Prosjekta i pilotfasen fekk namnet Activities Implemented Jointly (AIJ). COP5 vedtok å forlenge AIJ-fasen ut over slutten av det inneverande tiaret. Ein skal prøve å fa til geografisk balanse i prosjekta, noko som medfører at prosjekt i Afrika og på små øystatar bør prioriterast framover.

Nasjonal rapportering

Det vart gjort store framskritt på rapportering frå partane under COP5. Eit sett med retningslinjer for nasjonal rapportering vart vedtekne. Rapporteringa frå industrilanda (som er lista under Anneks I i Klimakonvensjonen) skal innehalde ein årleg oversikt over utslepp av klimagassar, samt ei større nasjonal rapportering om forventa utslepp og til-tak for å redusere utsleppa med nokre års mellomrom.

Tidsfristen for den tredje nasjonale rapporteringa er i november 2001. Partane vart også samde om retningslinjer for teknisk verifikasjon av rapportar om nasjonale utslepp av klimagassar. Når det gjeld rapportering frå utviklingsland, vedtok ein å opprette ei rådgjevande gruppe av ekspertar, der dei fleste medlemmane skal vere frå utviklingsland.

Kontroll og sanksjonar

Under forhandlingane går dette temaet under stikkordet "etterleving" (Compliance), og gjeld kontroll av at partane når sine nasjonale Kyoto-mål, samt eventuelle sanksjonar dersom måla ikkje vert nådd. COP5 gjorde framskritt på området, men det gjenstår mange uavklarte spørsmål.

Det er stor oppslutning om å innføre eit strengt og effektivt kontrollsystem. Ei kontaktgruppa skal halde fram med sine konsultasjonar fram til COP6, med sikte på vedtak på den same partskonferansen. Det er også planlagt eit seminar i mars neste år. Tidsfristen for nye framlegg er 31. januar 2000. 

Arealbruk og skog

Endringar av arealbruken eller skog-arealet kan føre til større eller mindre binding av karbondioksid i biomasse eller jord, eller netto utslepp av karbondioksid. Utslepp av metan frå biokjemiske prosessar i naturen kan også bli påverka. COP5 vedtok ein arbeidsplan der COP6 skal tilrå eit regelverk om korleis arealbruk og skog skal handterast for vedtak på det fyrste partsmøtet til Kyotoprotokollen (Meeting of the Parties 1, MOPl). Forhandlingsprosessen vil leggje stor vekt på spesialrapporten frå FN sitt klimapanel (IPCC) om arealbruk og skog som kjem neste vår. I juli/ august 2000 blir det arrangert eit arbeidsseminar.

Kapasitetsbygging

Det vart gjort to vedtak om kapasitetsbygging, eit for utviklingsland og eit for land i omstilling til marknadsøkonomi (EIT-land). Av vedtaka går det blant anna fram at utviklingslanda og EIT-landa skal spesifisere sine behov og prioriteringar for kapasitetsbygging innan 1. mars 2000. OECD-landa (det vil seie dei såkalla Anneks II-landa under Klima-konvensjonen) skal i den nasjonale rapporteringa si supplere informasjonen om aktivitetar og program som fremmar kapasitetsbygging i utviklingsland.

Frivillig mål for Argentina

Under COP4 i Buenos Aires i november i fjor annonserte president Carlos Menem at Argentina ville ta på seg eit frivillig mål for klimagassutslepp. Argentina kunngjorde sitt sjølvpålagde mål under COP5. Argentina tek ikkje sikte på å komme med blant gruppa av industriland under Klimakonvensjonen (Anneks I). Målet er "mjukt" ved at utslepps-intensiteten (utsleppa av klimagassar i forhold til BNP) skal liggje 2-10 prosent under forventa utsleppsintensitet i 2012 ("Business as usual").

Sjølv om USA gratulerte Argentina med utvist leiarskap og arbeidet bak det sjølvpålagde målet, vil Argentina sitt utspel ikkje aleine snu den negative stemninga til amerikansk ratifikasjon i Kongressen så lenge ein ikkje har meir meiningsfylt deltaking frå viktige utviklingsland. Men Argentina kan inspirere andre utviklingsland til å ta liknande skritt. I så fall kan stemninga i den amerikanske Kongressen bli påverka.

Klimamål som byggjer på utsleppsintensiteten kan fungere som ein tredje veg for å kople utviklingslanda sterkare til klimaprosessen ettersom slike mål ikkje legg strenge skrankar på økonomisk vekst. Så lengje veksten i utsleppa er lavare enn den økonomiske veksten, kan desse landa halde seg innanfor klima-målet. Ein vanske knytt til denne typen mål er koplinga mot Kyotoprotokollen, og spesielt kvotehandelmekanismen, som byggjer på at partane har absolutte skrankar på utslepp av klimagassar.

Kasakhstan og Tyrkia si tilknyting

Kasakhstan søkjer om å bli med i Anneks I-gruppa av land og må i sa fall ta på seg eit bindande klimamal. Situasjonen for Tyrkia er heilt motsett ettersom landet ynskjer å ga ut av Anneks I og II til Klimakonvensjonen.

Fordi det ikkje var mogeleg å oppnå konsensus under COPS om Kasakhstan og Tyrkia sin status i klimaavtalane, vart vidare forhandlingar utsett til COP6.

 

Denne teksten sto opprinnelig på trykk i CICERONE nr. 6 1999. Webversjonen er basert på maskinlesing av scannet dokument - noen feil kan forekomme.