CICERO - Senter for klimaforskning
EN
Meny
Forskningsområder
cicero-forsker Borgar aamaas anmelder den store klimaguiden. foto: privat

cicero-forsker Borgar aamaas anmelder den store klimaguiden. foto: privat

Klimaguide delvis ute og sykle

Nyheter - Nytt fra CICERO

Publisert 18.01.2021

«Den store klimaguiden» er eit godt forsøk på å rekne på dine og mine klimagassutslepp. Men ta utrekningane med ei klype salt.

 

BOKANMELDELSE: Den store klimaguiden

Eg har sakna eit stort utval av bøker på norsk om klima for det breie publikum. Var 2020 året då dette snudde? Energi og Klima har ei fin framstilling av fjorårets bøker, der to av bøkene handlar om ditt personlege klimaavtrykk. Mens eg jula 2012 gav bort “How Bad are Bananas?: The Carbon Footprint of Everything” (utgitt i 2010) til den eine broren min, kunne eg i fjor ha gitt «Den store klimaguiden» av Thomas Horne eller «Grønnere familie» av Marie Kleve. Ettersom førstnemnte bok har fått mest omtale og svært gode omtaler, krona med ein Bragepris i 2020, har eg sett på denne boka med eit kritisk blikk.

«Den store klimaguiden» er godt skrive og illustrasjonane bidrar til å løfte fram stoffet. Men det store spørsmålet er om alle tala stemmer og om det er ei god framstilling. Det er tydeleg at Horne og eg har lest mykje av den same forskinga, og ein god del av det han presenterer står seg godt. Men dessverre gjeld dette ikkje alt, som gjer at enkelte delar av boka blir misvisande med resultat at eg blir skeptisk til resten. Nokre eksempel her:

Ei stor utfordring med å rekne på klimagassutslepp er at det som regel ikkje finnest noko fasitsvar. Dette er heldigvis Horne òg tydeleg på og skriv tideleg at dette er hans forsøk ved å basere seg på moderate funn som verken går for høgt eller for lågt. Dessverre er det frykteleg mange vinklingar og måtar å rekne utslepp på. Eg som har forska på dette i ti år er heilt med når han skriv om direkte utslepp og når han skriv om livsløpsutslepp. Men eg er usikker på om ein gjennomsnittslesar heng med på alle perspektiva. Eg forstår at boka skal vere forteljande, men eg skulle ønskt meg at dei ulike perspektiva vart presentert tidleg i boka på ein klar måte.

Elsparkesykkelens utslipp

Horne trekker frem en figur om ulike transportmiddel, som i utgangspunktet er ein god idè, men han blandar direkte utslepp og livsløpsutslepp. Elsparkesykkelen ser tilsynelatande til å ha store utslepp, men det er fordi han tar livsløpsutslepp frå elsparkesykkelen og samanliknar med utslepp frå produksjon og forbrenning av drivstoff frå dei andre. Dessutan er det forskjell mellom elsparkesyklar. Har ein sin eigen elsparkesykkel, slik som folk har sine eigne elsyklar, viser den eine studien som Horne referer til at elsparkesykkelen berre har litt større utslepp enn elsykkelen i bruksfasen. Elles er eg usikker på kvar han har 126 g CO2-ekvivalentar per km med elsparkesykkelen frå. Talet kjem ikkje frå studien han referer til, men eg finn andre samanstillingar med denne verdien.

Bilane har òg tilsynelatande svært høge utslepp. Sjølv om figuren seier at dette er utslepp per personkilometer, er det viktig å vere klar over at dette ikkje gjeld for bilane. Bilane har her berre sjåfør, ingen passasjerar. Elles synest eg det er fornuftig å basere på tal frå Klimatsmart semester, men utsleppa frå bil ligg i den høge enden i denne samanstillinga. La oss ta kategorien «mellomstor bensinbil» som eksempel, som har 240 g CO2 per km. Med eit påslag på 20 % av utsleppa til produksjon av drivstoffet, gir dette talet eit bensinforbruk på over 0,8 liter på mila. For mange med ein vanleg mellomstor bensinbil vil synest at dette overslaget blir for høgt.

Utslepp frå køkøyring ser ut som ein ordentleg klimaversting. Det er ikkje usant, men at å pendle mellom Drammen og Lysaker, 70 km kvar arbeidsdag, kan føre til nesten 10 tonn CO2-ekvivalentar i året gir meg ein mistanke at dette er eit dårleg eksempel. Til samanlikning vil vanleg bruk av ein vanleg bil føre til utslepp på ca. 2 tonn CO2-ekvivalentar i året. Med ein pumpepris på 14 kr per liter bensin vil det koste deg nesten 220 kr kvar dag du pendlar, berre i bensinutgifter. Realistisk? Neppe.

Søppel og klesplagg

Ei generell utfordring er at det er svært mange vurderingar som ligg bak slike gjennomsnittstal. Mykje av dette blir ikkje presentert og er berre kjent for ekspertar som meg eller for folk som tar seg ein grundig jobb å lese seg gjennom alle referansane. Til dømes får biodrivstoff eit avslag på 50 % i utslepp, noko eg finn ut av då eg sjekkar bakgrunnsdokumentet bak Klimatsmart semester. Dette kan vere eit fornuftig overslag, men vil ikkje alltid vere det og avheng heilt av kva for utslepp som er tatt med og ikkje tatt med. Likevel har eg full forståing for at alle detaljar ikkje kan bli med i ei bok som dette her.

Her og der er det formuleringar, tal og grafikk eg stussar på. Som når 421 kg søppel per hushald i 2018 blir feilaktig til over 10 kg om dagen. Når eg sjekkar påstanden, ser eg at det gjeld hushaldsavfall per person, ikkje per hushald. Ein grafikk om klesplagg forvirrar òg, ettersom det ikkje er spesifisert at dette gjeld utslepp per år, men kan tolkast som utslepp av å kjøpe ein ekstra kjole eller ei ekstra bukse.

Horne har ei sympatisk innstilling når han skal avgjere kor grøn eller skiten straumen vår er. Eg følgjer han langt på veg, men eg er ikkje så sikker på at han har valt eit moderat estimat med 124 g CO2 per kilowattime for ein nordisk elektrisitetsmiks. Han har heilt rett i at det eksisterer både høgare og lågare overslag. Men han har òg rett i at straummiksen blir grønare, og det skjer fort med utfasing av kolkraft og vekst i fornybar energi i Europa. Dermed blir hans moderate anslag, som dessverre lener seg på litteratur som ikkje er av det nyaste slaget, truleg høgt. Om det ikkje er høgt no, blir det høgt om nokre få år.

 

Elles er det eit poeng at vi forskarar er ueinige om enkelte ting. Til dømes kan berekraft bety veldig mykje forskjellig og kva som er berekraftig eller ikkje vil då kunne avhenge heilt av vinkling. Dette er kanskje spesielt relevant innanfor mat. Eg er stort sett einig med Horne på rangering av matvarer, men eg vil påstå at sau fører til større utslepp enn ku. Eg har likevel forståing for at Horne har brukt andre studiar som viser det motsette.

Horne har gjort sine eigne utrekningar på klimagassutslepp frå ulike matmenyar. Her kunne han basert seg på arbeid som er gjort på norske diettar. Då hadde utsleppa frå ein gjennomsnittsmeny vore ein del lågare, og differansen mellom ulike diettar hadde vore mindre.

Bokas eigne utslepp

Horne og eg er einige om mykje, men det er måten han skriv på og rekkjefølgja som iblant gjer at eg ikkje heng med. Å skaffe seg elbil er blant Hornes 15 personlege klimatiltak, samtidig som han skriv at «[d]erfor er det overhodet ingen god klimasak å be alle om å kjøpe seg hver sin elbil.» Mens eg ser på elektrifisering som kanskje det viktigaste klimatiltaket globalt og ville ha fokusert på det i ei bok som dette, drar han fram poenget med at det er dumt om alle som ikkje har bil i dag kjøpar seg elbil i morgon. Sant nok. Kanskje vi berre har ulike perspektiv?

Noko av det mest spesielle med boka er at volum og vekt av boka står på baksida. Eg synest det er artig at Horne har forsøkt å gjere boka så grøn som mogeleg og har estimert kor store utslepp det er av boka eg har mellom hendene. Til neste gong skulle eg gjerne ha sett ei utrekning på kor store utslepp Horne har hatt av å forfatte og publisere boka. Det er tydeleg at Horne har gjennomført eit stort stykke arbeid med å skrive boka.

«Den store klimaguiden» og «Grønnere familie» får fram på ulike måtar korleis vi kan redusere klimagassutsleppa våre og bidrar til at vi som samfunn får til den store klimadugnaden. Eg synest begge bøkene er tankevekkande og bør lesast av flest mogeleg. Men ikkje ta alt for god fisk.